Motstandskraft
Sentralbadet litteraturhus lanserer ny serie: Motstandskraft!
Djup fred har blitt avløyst av krig, ustabile politiske leiarar, klimakrise og eit internett som har gått amok. Trusselbildet er meir alvorleg enn på lang tid. Demokratiske grunnverdiar er i spel. Samtida kjennest farleg, usikker og kaotisk.
Sentralbadet litteraturhus har sett seg føre å undersøka rolla til kultur og kritisk tenking som ein del av beredskapen. Kulturen er samtalane vi deler, prinsippa vi handlar etter og fellesskapen vi ønskjer å bevara. Handlar beredskap vel så mykje om kva ein har mellom øyrene, som kva ein har i kjellaren?
Odda - ein plass for beredskap
For oss er det sjølvsagt at det nettopp er i Odda vi skal ta samtalen om kva motstandskraft fellesskapet representerer. Med fjellsider som rasar, essensiell infrastruktur for kraftproduksjon og ei diskusjonslysten befolkning, er Odda ein stad der beredskapstenking alt er kvardagskost.
Kloke hovud heim til Odda
Vi inviterer gjester og hentar heim kloke Odda-hovud for å tenka høgt om vår mentale beredskap i fred, krise og krig. Vi innviterer viktige stemmer frå sikkerheitspolitikken, kultur - og justisfeltet til samtalar om korleis vi som befolkning skal møta stadig nye trusselbilete. Med blant anna jurist og styremedlem Hedvig Moe, direktør i Fritt Ord Knut Olav Åmås, politimester i Oslo politidistrikt Ida Melboe Øystese og Håkon Opdal.
Motstandskraft i media
Jurist og forskar Anine Kierulf skriv om motstandskraft i Dagens Næringsliv her. Les artikkelen “Medstandskraft” utan betalingsmur hos Norges institusjon for menneskerettigheter her.
Artikkel om Motstandskraft i Hardanger Folkeblad her og her.
Professor og prorektor for innovasjon og samfunn ved UiS, Cecilie S.W. Solheim, om Motstandskraft i Stavanger Aftenblad. Les artikkelen “Å bygge beredskap i hovudet” her.
Artikkelen “Beredskap: – Me kjenner vel alle på at djup fred er avløyst av noko anna og kanskje meir skremmande” om Motstandskraft hos Hardanger.no kan lesast her.
Haustsesongen 2025
TORSDAG 2. OKTOBER KL. 18.30
Motstandskraft: SETT KRISESTAB
Vi lanserer Motstandkraft med å setje krisestab på Sentralbadet litteraturhus, med oddingar som til dagleg arbeider med justis og offentleg ordskifte på høgste nivå. Programvert Hedvig Moe inviterer Ida Melbo Øystese (Politimester i Oslo politidistrikt) og Knut Olav Åmås (direktør for Fritt Ord) til samtale om kva trusselbilde står vi ovanfor, og korleis befolkninga på best mogleg vis kan byggje motstandskraft i turbulente tider?
FREDAG 3. OKTOBER KL. 21.00
Motstandskraft: LENGE LEVE DEMOKRATIET!
Korleis skal vi tenke og handle for å bevare demokratiet - og kvifor er det så viktig at det består? Kva betyr det for tryggleiken vår og for måten vi organiserer samfunnet vårt på, at demokratiske rettar vert sett i spel verda over? Programvert Hedvig Moe inviterer statsvitar Jette F. Christensen og jurist Anine Kierulf til samtale.
TORSDAG 27. NOVEMBER KL. 18.00
Motstandkraft: PREPPA FOR KRISE?
Det rasar, regnar og rakner. I løpet av det siste året har Odda vore heilt isolert fleire gonger. Erfaringar frå god beredskap i fredstid er viktig å ha i verksøykassa når krisa kjem. Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune, og Bent Høie, statsforvaltar i Rogaland og tidlegare helseminster, skal snakke kvifor det er viktig å vere førebudd og verdien av at befolkninga er med på laget. Programvert er Håkon Opdal.
TORSDAG 13. NOVEMBER KL. 18.00
Motstandskraft: VIKTIG MELDING, LYTT TIL RADIO
Kva skjer med offentlegheita når vi ikkje lenger har eit felles leirbål å samlast rundt? Kjem vi til å finne fram til viktig og rett informasjon når det trengst som mest - og kva er konsekvensane av at vi ikkje lenger kollektivt benkar oss framfor dagsrevyen kl. 19.00? Korleis skjøtter NRK rolla si som almennkringkastar? Programvert Håkon Opdal spør Hallvard Moe (professor i medievitskap) og Dyveke Buanes (Distriktsredaktør, Nrk Vestland).